mandag 14. november 2016

Kjølig layout med nydelige Pion design

Hei hei:-) Endelig er det mi veka igjen i bloggen:-) 

Jula nærmer seg med stormskritt og eg er så vidt i gong med litt julekort og diverse. Men eg begynner veka mi med ein skikkelig kjølig layout laga med eit nyyyyydelig mønsterark fra Pion Design. 

Denne hadde vel egentlig passa best i februar då, men her har det vært skikkelig kaldt i det siste så eg blei i stemning til å lage ein Vinter LO. Dette arket skulle eg egentlig bruke til eit julekort, men eg fekk meg faktisk ikkje til å dele det opp;-p Og så passa det jo så godt til bilde som blei tatt på ein kald skogstur:-)

Layouten er rimelig enkelt laga. Først stansa eg litt nokre plasser rundt kanten og reiv og rulla litt;-) Så brukte eg gesso på bakgrunnen og litt på kantane. 



I bakgrunnen har eg stemplet og embosset eit av dei nydelige nye stemplene til Papirdesign. For å få dei bedre fram har eg spraya med ein lys blå glimmermist. Ellers er pynten enkel med litt blomster, klistermerker og perler. 


Mønsterarket har eg limt på kvit bazzil som har fått litt gesso på seg. Så har eg gått over med distress ink på kantene av mønsterarket og bazzilen. 


Produkter:

Pynt: 
Klistermerker og bokstaver fra Papirdesign

Det var alt fra i dag:-) Snakkes på onsdag med månedens utfordring!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar